Huskirken

Nordhordland

untitled-(450-of-854).jpg

Geografisk har vi tyngdepunkt i Frekhaug/Knarvik og Leknes området, men drøymer om huskyrkjer for heile Nordhordland! 

Om du ønskjer fellesskap der du bur – ta kontakt, så ser vi kva vi får til! 

 

Storsamlingar er annankvar søndag (like veker).  Ta kontakt for stad eller sjekk på Huskirken Nordhordland på Facebook – du er hjarteleg velkomen til berre prøva ut om det er noko for deg.

 

For gruppefellesskap – ta kontakt for dato/stad. Send mail til kontakt@huskirken.no eller ring 90118322.

Visjon og Motto

Saman i teneste for Gud, menneske og samfunn. Vi ønskjer å vere ein menighet som viser Guds kjærleik ved å tena – både som einskildpersonar og som fellesskap.

Styre og Leiarar

Vi har eit felles styre som har praktisk og administrativt ansvar for arbeidet i menigheten. Vi har også felles ”Åndeleg leiarskap” som fokuserer på åndeleg liv i menigheten. I kvart fellesskap er det 1–2 leiarar.  

 

Trusgrunnlag

For deg som berre vil ha eit enkelt svar på kvar vi er teologisk i ”kristenlandskapet”:  Vi er vi nokså midt i det. Bibelen er Guds ord – og vi trur at det beste for menneske er å leva i tett fellesskap med Gud og Far som elskar dei. Dette inneber også å erfara møte med Guds son Jesus som frelser,  og Den heilage Ande som hjelpar i livet.  Vi sender gjerne meire om vedtekter og trusgrunnlag om du kontaktar oss.

Nettverk

Vi står saman med andre menigheter i nettverk. Kristkirken i Bergen og menigheter på Vestlandet utgjer tyngdepunktet.