Kva er 

«Huskirke»?

untitled-(282-of-563).jpg

Mange vil tenkja på bygning når ein snakkar om kyrkje eller menighet. I ei «huskyrkje» snur vi opp ned på dette: Bygning er uvesentleg, det er menneska eller fellesskapet som er kyrkja. 

Som dei første kristne brukar vi husa våre, eller heimane, som kyrkja. Bibelen talar i 1.Peters brev 2:5 om at menneska er «levande steinar» – altså byggemateriale. Å byggja menneske til  å vera del av gode fellesskap vil difor vera heilt avgjerande i huskyrkja vår.

I namnet ligg også at det er små einingar. Men storleiken varierar, frå nokre få menneske festsamlinga med mange! Det sosiale med mat, prat og glede er sentralt. Vi ber saman, deler Gud ord, og har omtanke for kvarandre i kvardagen og det kristne livet. På mange måtar blir det som å leva i storfamilien – der generasjonane står saman.

Ut frå fellesskapet ønskjer vi nå menneske – lokalt og globalt – med den glade bodskapen vi har fåt del i: Gud elskar alle menneske så høgt at han gav Jesus for oss. 

 

Huskyrkja – eller husmenigheten, er ikkje arena for dei  åndeleg "profesjonelle". Dei som leier gjer det etter kall og utrustning – med flat struktur. Det er bruk for alle i ein husmenighet. Menneske blir sett og får brukt sine talent og gåver – ofte på nye og engasjerande måtar!

 

Ein styrke er også evna til tilpassing. Huskyrkja kan vera prega av barnefamiliar, unge – eller godt vaksne. Husmenigheten passar godt både i by og i meire grisgrendte strøk – ein treng ikkje mange for å ha ein fullverdig lokal menighet.

 

Husmenigheter lever gjerne i nettverk der ein får tilført ressursar, støtte og tilsyn. Og fleire husmenigheter kjem saman til storsamlingar der ein får kjenna at det er mange som deler visjon, glede og fellesskap.

Huskyrkja er enkelt organisert. Og lite kostnader til løn, husleige osv gjer at størstedelen av inntektene kan brukast  til arbeid utanfor menigheten.

 

Husmenigheten er ein fullverdig menighet også med tanke på dåp og nattverd, konfirmasjon, bryllup og gravferd.