Somarfugl logoen
2 tsp.
Oil
Sommarfuglen er eit gamalt kristent symbol. Tradisjonelt representerer det døden og oppstoda. Men det er også
mykje meire:
Larven har fokus på seg sjølv og et opp alt den kjem over. Det kan illustrera mennesket – før det blir kjent med Jesus.
Med puppen kjem det ei total forvandling. Det gamle livet døyr og eit heilt nytt liv blir til. Så også med menneske: når Jesu verk og frelse kjem inn – ja, då blir det eit heilt nytt og forvandla liv.
Og ut kjem ein sommarfugl som er vakker – til glede og begeistring for mange!
Variasjonen i dei mange ulike artane er også noko som understrekar forskjellighet i det vi er som menneske – som åndelege vesen – og som menighet. Men alle er vakre!
Sommarfuglen har blitt til i ein kreativ sesjon etter ei storsamling –der barn og vaksne fekk utfalda seg.